Utskrift
Kategori: Arendal Blogg

Jon LindsetOnsdag 27. mars fann eg i Agderposten to innlegg med tema grunnskulen sin plass i dagens samfunn. Begge vekte mi interess. Artikkelskribentane var Arne Sauar og Atle Svendal. Artiklane uttrykkjer kritikk av nedleggingsforslag av små skular i Arendal. Men vinklinga til temaet er noko ulikt.

 

Eg er sjølv så gamal at eg minnest den tida då sentraliseringsspøkelset, med AP si velsigning , herja som verst her i landet. Kommunar vart slegne saman,utkantområde avfolka,små skular lagde ned og elevane flytta over til nye sentralskular plasserte i dei nye vekstsentra.Det kan i ettertid diskuterast om dette var til tap eller vinning.

Det er kanskje noko av dette ein del i dag fryktar vil skje på nytt. Arne Sauar knyter sitt innlegg til kommunesamanslåinga i Arendals –området på nittitalet ,og meiner at ”bygder som som ble utkanter i storkommunen, hadde verdier som burde videreutvikles.” Det ligg nok i hans innlegg at dette har ikkje skjedd. Det er først når eit trangt budsjett skal fyllast opp, at interese for desse områda vert vekte til liv. Og det vert her sikta til nedlegging av mindre skular i kommunen.

Atle Svendal stiller spørsmål om skulen sin plass i lokalsamfunnet og ” hvordan skolen kan bidra til lokalsamfunnsutvikling ”. Svendal fryktar at skulen vert sett på som ein fabrikk der ein ser det som viktig å få produksjonskostnadene ned.

Mange av oss som nokre tiår hadde vårt arbeid i skulen,såg det som viktig at skulen stod nær foreldre og elev,at kontakten var god og arbeidsfoholda oversiktlege.Trivsel og lærevilje vart og sentrale emne.Så er det eit spørsmål kva rolle skal ein skule ha utanom det å gje elevane kunnskapar.Har den og som oppgåve å vere eit kraftsentrum i  eit lokamilj ? Personleg meiner eg så absolutt det siste.I min barndom var læraren i bygda ein sentral person som tok del på alle nivå i bygdesamfunnet, og var med å gje elevane identitet og tilhørighet. Eit trygt bygdesamfunn kan verte rive opp ved nedlegging av skule og flytting av elevar.

  1. peikar til slutt på det viktige temaet at ein bør sjå samanhengen mellom skulestruktur og bustadbygging , før ein forhastar seg med skulenedlegging. Eg sluttar meg til hans konklusjon at ” offentlig fattigdom ikke bør stå i vegen for langsiktig tenking og samfunnsutvikling,”

Jon Lindset
PP Arendal